Dette innlegget sto på trykk i Klassekampen 24.09.2007, og republiseres av HonestThinking etter avtale med forfatteren.

 

Fantasiane om eit muslimsk Norge

 

Av Olav Randen, småbrukar, skribent og forleggjar. boksmia (at) online.no

 

Ole Jørgen Anfindsen og eg har hatt gåande ein debatt om hans påstand om framtidig muslimsk fleirtal i Norge. Dette har han hevda i ei rekkje aviser og på nettstaden HonestThinking. 17.9 ber han meg svare på så mange spørsmål at det ville gå langt ut over rammene for eit lesarinnlegg om eg skulle følgje opp. Det var hans og ikkje mine synsmåtar som var utgangspunktet for debatten, så eg vel å halde meg til dei.

I Klassekampen 13.8 formulerte han seg slik: ”Norge/Europa ligger an til å få muslimsk flertall om noe slikt som 50 til 150 år.” Tanken er at talet på muslimar utviklar seg på ein heilt annan måte enn talet på ikkje-muslimar. Det første talet veks eksponensielt, altså som eit banklån med renter og renters renter.

Av artiklar på nettstaden hans og i aviser ser me at han føreset fem endringar i vårt land framover:

1. Det vil kome langt fleire muslimar hit.

2. Det vil kome færre ikkje-muslimar.

3. Muslimane i Norge vil få mange barn.

4. Ikkje-muslimane vil få få barn.

5. Mange norske innbyggjarar vil konvertere til islam.

Om spådommen skal bli oppfylt, må alt dette skje samtidig.

La oss sjå på spørsmåla eitt for eitt:

Til 1: Anfindsens hovudtanke er at éin muslimsk innvandrar blir til mange, pga. henteekteskap, familiegjenforeiningar og smitteeffekt. No har me ikkje opplysningar om kva religion innvandrarar har, slik at me må avgrense oss til å sjå på kva religion som dominerer i landa dei kjem frå. Statistisk Sentralbyrå kommenterer innvandrartala for 2006 slik: ”Nettoinnvandringen fra Afghanistan, Irak, Iran og Somalia har sunket betydelig, som tilfellet også er for Pakistan og Tyrkia.” Dette er alle muslimske land. Viss teorien om eksponensiell vekst skulle halde, burde det ha gått motsett, og Anfindsen slit med eit forklaringsproblem.

Til 2: Om det skal bli muslimsk fleirtal ved innvandring, må det kome 4,5 millionar fleire muslimar enn ikkje-muslimar. Talet på innvandrarar har auka dei siste åra, men frå ikkje-muslimske land. Dei største gruppene no er polakkar, tyskarar og svenskar. Forklaringsproblemet til Anfindsen veks altså.

Til 3: Unge innvandra kvinner frå afrikanske og asiatiske land får fleire barn enn kvinner flest i Norge, men for dei som kjem som barn og for andre generasjon skjer ei tilpassing til norske barnetal. Trude Lappegård ved SSB skriv til dømes: ”Fruktbarhetsmønsteret til andregenerasjonsinnvandrere ligner mer på den øvrige befolkningen enn på de som innvandret som voksne.” Forklaringsproblemet veks endå meir.

Til 4: Det skjer ein – rett nok nokså veik – vekst i fødselstalet i Norge, frå 1,8 til 1,9 dei siste åra. Sjølv om me skulle gjere som Anfindsen og gå ut frå som sikkert at alle barn fødde i Norge av muslimar også blir muslimar i vaksen alder, virkar skilnader i fødselstal lite inn på forholdet mellom ikkje-muslimar og muslimar.

Til 5: Sjølvsagt kan det tenkjast at kristne eller ikkje-truande konverterer til islam, liksom det kan tenkjast skifte andre vegen eller til andre religionar. Men for ein som hyllar den frie tanke, og eg forstår nettstaden slik at Anfindsen gjer det, kan då ikkje frivillig konvertering oppfattast som eit problem? Bak spådommen hans om at slik konvertering kjem til å skje, må det liggje ein tanke om at islam har større overtydingskraft enn andre religionar og truløyse.

Me kan oppsummere: Utviklinga dei siste åra tyder på at fire av dei fem endringane som må til for at Anfindsens spådom skal gå i oppfylling, ikkje skjer. Den femte er av ein annan karakter og saka uvedkomande.

På nettstaden sin har Anfindsen noko han kallar ærlegdomsgaranti. Om det viser seg at framsette påstandar ikkje held, forpliktar han seg til sjølvkritikk. Det er på tide at han reiser garantisak mot seg sjølv.

 

Tilbake til HonestThinking