Dette innlegget sto på trykk i Klassekampen 26.04.2007, og republiseres på HonestThinking.org etter avtale med forfatteren

 

 

Bløff for å roa dei uroa

 

Av Sigurd Skirbekk

 

Olav Randen har ein kronikk i KK den 20. april, som han har kalla ”Baby-bløffen”, og som blir presentert som ein artikkel for å ”roe dei uroa”.  Ettersom eg er mellom dei uroa, finn han det for godt å skulda meg for ”langt på veg”  å ha påstått at ”muslimske kvinner føder mange barn som ledd i ein kynisk strategi for å erobre nye land og kanskje verdsherredømme”.

 

Dette er for dumt. Det kan vel vera at sume muslimske leiarar ser at dei på sikt kan ha nytte av visse tradisjonar, og dei derfor ikkje vil endra dei. Men å hevda at vanlege muslimske kvinner føder born på ordre av Mullah Krekar eller Muammar Ghadaffi, eller som lekk i ein verdspolitisk strategi, det blir absurd. Grunnen til dei høge fødselsratene i visse muslimske land har heller samanheng med at kvinnene har hatt og har for liten fridom til sjølve å velja strategi for sin barneproduksjon. Det er først og fremst tradisjonar i mannsdominerte kulturkrinsar som fører til at dei føder fleire born enn både familien og landet deira gjev grunnlag for.

 

Eg kunne ha fylt fleire sider av KK med demografiske data for å underbyggja påstanden om at land i Vest-Asia og store delar av Afrika har for høge fødselstal til at dei kan utvikla seg på ein måte der kultur og natur harmonerar. Her vil eg nøya meg med å nemna ei oversikt frå FNs demografiske kontor der det blir rekna med at folketalet i Europa vil gå ned frå 726 millionar i 2003 til 632 i 2050. Samstundes blir det rekna med at folketalet i Afrika vil auka frå 851 millionar til 1.803 millionar i same tidsrommet. Asia kan få ein folkeauke frå 3.823 millionar til 5.222 millionar, og her er det ikkje minst ”muslimske land” i Vest-Asia som dreg opp tala.

 

For å forklara ei dysfunksjonell demografisk utvikling vil sume ty til konspirasjonsteoriar. Andre vil avvise heile spørsmålet ved å visa til såkalla økonomisk-historiske lover, til dømes førestillinga at alle land kjem til å følgja same fødselsnedgangen over tid, ut frå det som har vore kalla ”lova for demografisk overgang”. Randen røper ei rørande tru på denne lova når han påstår 1) at ”fødselstalet stabiliserte seg” i vår del av verda og 2)  at berre vi hjelper u-landa til ”eit godt helsestell og omsorg for dei små”, så vil ”innbyggarane ordna resten sjølve”.

 

Det finst mykje fødselsstatistikk som syner at ei utvikling med økonomisk vekst og større sjansar for born til å veksa opp, nok trekkjer fødselstala ned, men ikkje i same omfang i alle land. Ingen europeiske land har i dag eit så høgt barnetal som 2,1 for kvinner som gjennomlever sin reproduktive periode. Knapt noko muslimske land har eit så lågt barnetal.

 

I tillegg til den demografiske statistikken kunne eg her visa til ein studie av verdiforskarane Ronald Inglehart og Pippa Norris, kalla ”The True Clash of Civilizations” offentleggjort i Foreign Policy for mars/april 2003. I deira testing av hypotesen til Samuel Huntington kom dei til at den største forskjellen mellom folkelege holdningar i vestlige land og i land i midtausten ikkje galdt demokratiet, men sex. Muslimar har gjennomgåande andre haldningar til familierelasjonar og dette gir seg utslag mellom anna i fødselstala.

 

I motsetnad til dei som trur på ei funksjonell sjølvregulering av tilhøvet mellom kultur og natur, har eg omtala både samtidig vestleg kultur og samtidig arabisk kultur som dysfunksjonelle. Al Jazeera.net har offentliggjort innlegg av meg om dette, både på engelsk og på arabisk. I vårt land har ikkje interessa for slike ubehagelege data vore særleg stor.

 

Tilbake til HonestThinking