Nedenstående er utdrag av et innlegget som sto på trykk i Klassekampen 16.02.2007. Innlegget inngår i en omfattende debatt i Kk der også Knut Kjeldstadli, Gunnar Skirbekk og Ole Jørgen Anfindsen deltok. Denne debatten er drøftet på side 277 – 284 i Selvmordsparadigmet. Utdragene fra Lundens innlegg gjøres tilgjengelig på HonestThinking 31.12.2010.

 

 

Se også et relatert innlegg (fra 2010) av Lunden om Forsking, multikulturalitet, innvandring.

 

Kulturskilnad

 

Av Kåre Lunden, professor emeritus i historie

 

[...] For val av politikk overfor kulturskilnader og innvandring i norsk framtid, kan det vere utilstrekkeleg å gå ut frå kva Kjeldstadli og underskrivne vil arbeide for. Det realistiske utgangspunktet må vere ulike mogelege scenaria, helst dei sannsynlege. [...]

 

Her kan eg berre skissere eit scenario som i det minste er mogeleg: Det er vanleg å hevde at sekulariseringsprosessen no er stilt i revers. Vi ser ’ateismens historiske sammenbrudd’. (Såleis Alister McGrath: The Twilight of Atheism: The Rise and Fall of Disbelief in the Modern World, 2004.) Ut frå religionens funksjon, å gje forklåring på og trøyst for menneskeleg elende, verkar det også forutseieleg at den religiøse reetableringa vil akselerere. Rett nok kan vi ikkje vite sikkert korleis den økologiske krisa, med tørke, havstigning, matmangel et cetera, vil utvikle seg, med flyttestraumar og konflikt. Men historikarar som Kjeldstadli og underskrivne er truleg samde om fylgjande: I den mon menneska har lært å løyse dei alvorlegaste problema (mattilgang, sjukdomar, innanstatleg og mellomstatleg vald), så har dette hittil aldri lukkast, før etter langvarige katastrofar. (Hungersnaud, epidemiar, to verdskrigar, hundreårige borgarkrigar, m.m.) At vi no brått skulle gjere det nødvendige, før langvarige katastrofar har skjedd, verkar usannsynleg.

 

Samanhengen mellom religiøs/kulturell konflikt-modus og økonomisk/sosialt konflikt-innhald, som også Kjeldstadli er inne på, ser vi i Midt-Austen. Og samanhengen har alt vist seg i Europa, jamfør Muhammed-karikaturane, uroa og terrorhandlingane i Frankrike, London og Spania.

Lat oss altså arbeide i den lei Kjeldstadli skisserer. Men det er truleg uansvarleg å ikkje bu seg på at det rimelegaste scenariet er sterkt skjerpa, valdelege konfliktar langs religiøse linjer, i samanheng med interesserivalisering.

 

"Hva gjør en" i Noreg, som Kjeldstadli spør, med sikte på eit slikt scenario? Som han trur eg ikkje på å opptre som ein invers Olav den heilage og tvangs-sekularisere til dømes muslimar. Dei fundamentalistiske førsekulære vi alt har, bør vi integrere og halde i så godt humør vi kan. Men eg ville ordinere at venstresida meir sluttar med å stikke hovudet i sanden. Vi burde innsjå at der er ein radikal skilnad, særleg i vilkåra til folk flest, mellom dei skandinaviske landa på éi side, land som Libanon, Irak og Somalia på den andre. Vi burde også innsjå at ein sentral komponent i dén skilnaden er ulik grad av kulturell homogenitet.

 

Vidare burde vi innsjå at eit land med under ein promille av verdsfolketalet kan løyse berre ein avgrensa del av dei globale problema ved å sleppe inn innvandrarar. Kanskje er det viktigaste vi kan gjere å halde oppe eit sivilisert samfunn her?

 

Venstresida burde kanskje også slutte å vere nyttige idiotar for dei kapitaleigarane som svært klårt ser den lovmessige samanhengen: Arbeidsinnvandring pressar lønene ned og kapitalverdien opp i mottakarlandet. Kapitalistar vil seint bli innvandringsmotstandarar.

Finst ei løysing som ikkje omfattar å halde talet på før-sekulariserte fundamentalistar (og arbeidsinnvandrarar) på eit moderat nivå?

Der er også eit demokratisk spørsmål. Når vedtok det norske folket at Noreg skal vere mangekulturelt, som Gudmund Hernes nyleg spurde? Jamfør dei to folkerøystingane om EU-medlemskap, som potensielt gjeld ei langt mindre viktig sak? Men vi treng kanskje ikkje bry oss om folket?

 

 

Tilbake til HonestThinking